Martin Lid Trelast AS på Voss er ei veletablert bedrift som driv med sal av trelast, byggevarer, hus og hytter til konkurransedyktige prisar.

Bedrifta er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og husleverandøren Systemhus.

Hjå oss finn du det meste du har behov for innan trelast og byggevarer. Me lagerfører og leverer kvalitetsprodukt frå anerkjente leverandørar. Kundar kan få låna tilhengar eller få tilkøyrt varer med bedrifta sine eigne bilar.

Byggtorget Martin Lid Trelast AS består av positive tilsette med brei fagkunnskap. Dei tilsette har kvar einaste dag fokus på å yta god service og kompetanse til kundane. Me hjelper deg med gode råd, tips og veiledning om trendar og krav innanfor byggfaget.

Martin Lid Trelast ynskjer å vera med å realisera ditt prosjekt.
Bedrifta har byggingeniørar som teiknar og prosjekterer hus, hytter, garasjar, påbygg og liknade. Me skreddersyr prosjektet etter kundens ynskjer og behov, og tar alt papirarbeidet i ei byggesak.

Me er medlem av den norske byggevarekjeda Byggtorget med over 100 medlemsbedrifter fordelt over heile landet.

Me opna i 2014 ny kontor og butikkdel på 1800m2. Stor butikk med ei rekke varer og utstillingar til byggeprosjektet ditt.

Du finn oss i lokala på Palmafossen.

Velkommen innom for ein hyggeleg handel eller ein uforpliktande prat.